Eit forkjølasjal burde alle ha! Det mjuke, varme sjalet som ligg lint om skuldrane og nakken og kviskrar «stakkars deg» når nasa er tett og auga renn.
Sjalet er strikka i rettstrikk på tvers og er i eskimogarn. Eg starta med to masker i eine enden og auka ei maske i slutten av annankvar pinne til det var blitt så stort som eg ville ha det. Så var det berre å felle på annankvar pinne vidare. Voilà.
Den store dusken i spissen gjer meg glad. Men praktisk er den ikkje, for den blir ein klump i ryggen når ein skal lene seg godt tilbake i sofaen. På forkjølasjal eg har gitt i gåve, har eg derfor festa ein dusk i kvar ende i staden.
Dette er eit perfekt restegarnsprosjekt!
Finn forkjølastilen med rett tilbehør til sjalet:
Biletet:
- Passe stor tekopp frå Iittala
- Duftlys så du merkar når nasa opnar seg igjen
- Appelsin er klassisk c-vitaminalibi
- Snaps (i våre kretsar også kjent som wanderhilfe – ein liten dram som hjelper deg vidare når du er ute og går)
- Det deilige ullpleddet frå Færøyane (det som luktar akkurat passe sau til at det vekker gode barndomsminner), her representert ved eit godt Rørospledd
- Lange fyrstikker i glad pakke til å tenne i omnen med
- Yogite, her representert ved ein som gjer godt for sjel og sinn
- Yndlingsfilmen. Mr. Darcy og Elizabeth i mange timar. Ingen over, ingen ved sidan.
–Snella–
Forkjølasjal… For en genial ide! Jeg hadde sikkert slitt ut mitt i løpet av en vintersesong, men det betyr jo bare at jeg har skikkelig bruk for ett! 🙂 Fortsatt fin søndag!
Tusen takk! Vi må jo ta litt vare på oss sjølve og prøve å gjere det beste ut av det. Alt blir litt betre med forkjølasjal, så det er ei vellukka gåve. 🙂 God søndag til deg òg!