For ei stund sidan kom eg over eit opphørssalg med Viking Garn. Og eit garnsalg går eg sjeldan forbi, så då måtte eg i ein fart finne nokre fine prosjekt som kunne passe til garnet dei hadde igjen. I katalogen Viking Garn 0912 fann eg ei flott kåpe som kunne passe til Snuppa. Butikken hadde nok garn og eg var kjempeglad. Tjukt garn og str 4 år er ein super kombinasjon for eit kjapt resultat. Eg strikka i veg, felte av maskene og skulle begynne å montere. Då oppdaga eg at her var det noko gale. Det var alt for mange masker på framstykka i forhold til bakstykket. Eg talde og las mange gonger og kom fram til at eg hadde gjort alt riktig. Butikken var i mellomtida avvikla, så eg kunne ikkje gå tilbake der. Så eg sende ein e-post til Viking Garn med spørsmål om dei kunne hjelpe meg. Svaret kom kjapt, og det viste seg at det var ein rettelse på denne oppskrifta. Kjekt å ha! Så då var det å rekke opp heilt til under deling for ermer og strikke på nytt. Motivasjonen sank, men etter ei stund tok eg tak i det og fekk den ferdig.
Som ein kan sjå på bildet blei det heller inga kåpe, men ei jakke. Korleis dei har fått det til å bli kåpe av å følge oppskrifta skjønar eg ikkje, så mitt møte med Viking Garn sine oppskrifter har ikkje vore heilt det beste.
På opphørssalget kjøpte eg òg garn til ein tunika som eg skal strikke til meg sjølv. Så får vi håpe at den oppskrifta svarer meir til forventingane.
Knappane er forresten frå Snella og Petronella.
– Nøstet –
Kommenter innlegget