I Drops BabyAlpaca Silk blei blei teppet aldeles nydeleg. Mønsteret er eit av dei enklaste som finst, og samtidig ser det imponerande ut for ikkje-strikkarar. Bølgene i mønsteret kjem ekstra godt fram når ein strikkar striper, så derfor la eg inn nokre felt med naturkvitt. Eg brukte tre nøste lyngfarga og eitt nøste naturkvitt garn og pinne nr. 5 for å få teppet luftig og litt helseteppeaktig. Då vart teppet 65×85 cm.
Om du vil lage eit liknande teppe, kan du følge dette mønsteret frå Pickles.
Her kan du sjå eit hekla babyteppe/helseteppe i same garn.
–Snella–
[…] Innimellom blir det litt strikking. Eg held på med Mariusjakker til begge gutane mine. Monteringsvegring gjer at eg strikker begge før eg set igang med klipping og sying av glidelås. Nokre dagar har det vore så varmt at eg har måtte strikke med bomullsgarn istaden. Eit par oppvaskklutar har blitt strikka på hytta, men heklenåla låg igjen heime så kanten rundt får vi ta ein annan gong. Nepalnøsta er ein del av det neste store prosjektet. Både svogeren og svigerinna har runde dagar i år og har invitert til felles feiring i september. Så innan då håper eg at desse og mange fleire nøster har blitt trylla om til eit pledd. Kanskje blir det eit havskumteppe. […]
[…] du meir teppeinspirasjon, kan du kikke på havskumteppet til kusina, teppet med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i […]
[…] Det er meg i eit nøtteskal! Og Pickles er topp! Vi har brukt fleire av mønstra deira, mellom anna islandsk soloppgangssjal, tøysetopp og babyteppe. […]
[…] og skjønt at eg valte å heller banne litt over heklenåla. Både garn og farge er det same som havskumteppet kusina fekk. Det hekla helseteppet eg laga til Fikslein i fjor, har vore heilt supert, og skulle eg begynt […]
[…] 3» av Lene Holme Samsøe er populært her i bloggosfæren for tida, så eg tenkte eg ville prøve. Kusina fekk jo havskumteppe då ho var fødd, og eg fekk lyst å følge opp med kjole/tunika i same garn i ein litt lysare […]
[…] Perfekt restegarnprosjekt og påskegåve til den vesle kusina – mellom anna med ein rest frå babyteppet med havskummønster ho fekk då ho var fødd. Fram frå restekorga trekte eg òg eit påbegynt nøste i lys beige PT […]