I sommar fekk eg ei bildemelding frå svigerinna med bilde av ein baby i ein nydeleg strikkadress og spørsmål om «kan du strikke ein sånn ein til Nevøen?». Smigra over spørsmålet takka eg ja før eg fekk tenkt meg om. Eg syns det er veldig kjekt at nokon set pris på strikkaplagg og det er alltid kjekt å strikke noko nytt. Dressen på bilde var strikka av babyens farmor som tilfeldigvis bur 200m frå meg, så eg stakk innom for å høyre kor oppskrifta kom ifrå. Det viste seg at var frå eit vekeblad, truleg frå tidleg 90-tal, og ho hadde fått ein kopi av ein kollega. Så då fekk eg ein kopi av den igjen. Dressen i oppskrifta var strikka i Bambino babyull frå Idena, men sidan den lokale strikkebutikken ikkje fører det blei det babyull frå Dalegarn.
Dressen er strikka i halvpatent sånn at den blir tjukk og god, i tillegg til at den blir veldig tøyeleg og kan sikkert brukast lenge. Og det er godt, for ein dress i halvpatent er eit drygt prosjekt. Heile 3 veker har eg brukt på å strikke denne, og det er lenge for ei utolmodig sjel ;).
Men resultatet blei heilt fantastisk. Nydelege fargar og eg trur både Nevøen og mammaen blir strålande fornøgde.
No er hue av restegarnet på pinnane.
– Nøstet –
[…] kommentarar « Dress i halvpatent […]