Ein dag låg det berre der. Huset. Fjorden glitra og blinka i den sorglause sommarsola. Glade barneskrik frå stranda nedi bakken. Effektive kakk frå hakkespetten i grana.
– Vil du bu her?, sa herr Fiks.
Flytte? Flytte frå den nydelege heimen vår? Frå loftsleilegheita i byen? Frå teateret, Akerselva og kaffibarane? Frå det koselege biblioteket mitt og veggmåleria mine?:
.
Flytte frå dette?:
.
Fjorden glitra og blinka. Block Watne frå seint 80-tal.
– Bøkene dine kan du ta med. Huset kan vi pusse opp og gjere til vårt, sa herr Fiks.
Eg kikka meg rundt. Eit elska hus og ein varm heim. Materialvala vitna om at byggherren hadde hatt god smak den gongen. Nemnte eg at fjorden glitra og blinka?
– Ja, her skal vi bu, sa eg.
Bøkene og garnlageret vart pakka ned og fylte ein diger tilhengar.
.
.
Vi har komme i gang med å fornye 80-talshuset. Vi tar det trinnvis, så foreløpig er dei gule veggane og gelenderet måla i «Klassisk hvit» frå Jotun og den rosa marmoren rundt peisen vekke. Eg ville gjerne hente fjorden inn i stova, så vi måla parketten lys gråblå. Fargen heiter «Frihet».
.
.
Enno er det ein del å ta tak i, og vi vil ha nok å gjere i åra framover:
.
.
Men fjorden glitrar og blinkar i den låge haustsola.
– Snella –
[…] Det er mykje å gjere med det vesle huset vårt, og vi tar det litt etter litt. Sidan vi berre har to soverom, har vi innlemma det gamle vaskerommet i soverommet og fått ein babykrok. I ein vill augneblink bestemte eg at vi skulle ha kvitt vegg-til-teppe på golvet. Ikkje spesielt lurt med to små ungar, men det kjennest herleg dekadent. Den gresselege glasfiberstria lot vi bli, for planen er å ta dette rommet skikkeleg seinare, men stria har fått fargen “gustaviansk blå”, og vindauga fekk tjukke kvite lingardin. Leandervogga og ein god ammestol med tjukke puter har vore gode å ha i våkenettene. […]
[…] når eg er blitt etablert og forsøksvis ansvarleg mamma med hus med karnapp, er brikka blitt sofapute. Eg har sydd eit putetrekk av to stoffbitar, beige på baksida […]
[…] så var det fest med 32 gjester i vårt vesle hus. Først fekk gjestene ein varm alkoholfri velkomstdrink, eplegløgg, så dei fekk varmen igjen. Eg […]
[…] bordet såg sine betre dagar i 70-åra. Det passa godt inn i det gamle biblioteket vårt, men i den nye heimen passa det […]
[…] mange gleder i den nye heimen er det å kunne følge epletreet gjennom alle årstidene blant dei største. Dei nakne greinene eg […]
[…] helga kjem Nøstet på besøk for å inspisere den nye snelleheimen. Fikslein og eg gler oss masse til ei heil helg saman med deg. […]
[…] « Den nye heimen […]