Vi er i ammetåke og våketåke. Det er heilt utruleg kva eit halvt år utan søvn kan gjere med ein. Her om dagen prøvde herr Fiks å steike pizza i oppvaskmaskina.
Men når ein skal amme om natta, må ein i det minste vere varm og god no når haustkulda kjem krypande. Og kva passar vel betre enn eit plagg med det treffande namnet «sengehygge»?
Dette mønsteret frå Garnstudio såg fint ut, med herlege trompetarmar og krage som går godt opp i nakken.
Det perfekte hausgarnet dukka opp i flytteprosessen – rustraudt Vestlandsgarn eg hamstra på sal då fargen skulle gå ut. Nok var det ikkje, så eg spedde på med litt grønt og kvitt.
Kanskje ikkje tidenes lekraste plagg, men varmt og artig. Og kollegaene mine kom med rosande ord då eg brukte den på jobb her ein dag eg ikkje hadde noko anna grautfritt å ha på meg.
I sengehyggen kjenner eg meg litt som ein figur i Harry Potter, og litt som eit graskar. Det er definitivt antrekket for Halloween i tilfelle det kjem godteskrømt.
–Snella–
[…] kjem nok til å trekke i den fine sengehyggen min, for eg kjenner meg litt som eit graskar i […]
[…] fell mørkret på. Lysa er kveikte. Eg er klar. Velkomne, […]