Idag blei det født ein skjønn liten kar. Eg har sjølvsagt strikka gåve, og det er gåva som heiter Viggo. Viggovesten fann eg oppskrift på på garnstudio.no, og var eit ypperleg prosjekt for restenøster. Så kjekk restestrikk var det at eg likegodt strikka ein til storebroren òg. Tilsaman gjekk det med 145 gram Drops alpakka.
Sidan denne lillebroren var venta å vere litt større enn snittet, og eg alltid strikker litt stramt slik at størrelsen blir knapp, har eg strikka denne i str 6/9 mnd.
Storebror er 1,5 år og eg har strikka Viggoen i str 2 år. Denne fekk tøffe bilknappar for å pynte opp litt.
– Nøstet –
[…] ekstra rundt brystet, men som ikkje er i vegen for ivrige armar. Tidligare har eg strikka både Viggo frå garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest […]
[…] flotte oppskrifter på vestar, og eg likar å prøve fleire. Tidlegare har eg blant anna strikka Viggo og singlet frå Lene Holme Samsøe. Uglevest er òg populært. Til jul strikka eg Nøstebarnvest […]
Kjempefin 🙂
Tusen takk!