Eg kom til å tenke på det i dag. Det kan komme godteskrømt i kveld. Eg er jo blitt sånn som bur i hus i eit nabolag, og her kan det vere ein sterk tradisjon for slikt.
Likar eg at ein slik tradisjon etablerer seg her i landet? Tja. Tjei.
Synest eg det hadde vore betre om vi heller heldt i hevd julebukktradisjonen? Ja.
Vil eg bli kjent med naboane? Ja.
Vil eg vere den sure nye nabokjerringa? Definitivt ikkje.
Vil eg ta vel i mot småfolk som ringer på? Absolutt.
No fell mørkret på. Lysa er kveikte. Eg er klar. Velkomne, godteskrømt!
–Snella–
[…] Vi er klare for innrykk! Ytterdøra er blitt småskummel, og ekle hender av matgodkjende gummihanskar fulle av snop ligg og ventar. Vi kjem vel alltid til å ønske at det heller kom julebukkar, men vi seier: Velkomne, godteskrømt! […]
[…] lyst å lage god mat og strikke lune plagg. I år blir det allehelgen i Sverige, så eg kan ikkje ønske godteskrømta velkomne, men graskar blir servert i heimen opptil fleire gongar i oktober! Eg har tidlegare delt den […]
Har hatt besøk av nabolagets barn her jeg også, samt at mitt barn har gått rundt. Selv så liker jeg heller tradisjonen med julebukk, det var tider det !
Takk for kommentaren! Ja, det er litt trist at vi blir så påverka at alt blir likt over alt. Men graskar er godt, og stearinlys er koseleg. Og om nokre år må eg nok følge min lille tass rundt i nabolaget. Snella