Sweet home Alabama er ein jentefilm som hamnar på skjermen min i ny og ne. I filmen er Reese Witherspoon klesdesignar og trippar rundt i mange lekre kreasjonar. Blant anna stiller ho i ein skjønn småblomstrete kjole med ein nydeleg turkis hals rundt skuldrane:
.
Eg ville frykteleg gjerne ha ein sånn og har laga min eigen capevariant (eller er det ein poncho?) i eskimogarn. Raskt, varmt og veldig deilig.
.
.
På veg til jobb har eg den utanpå vinterkåpa, og på kontoret utanpå kjolen.
.
Finn stilen i denne skjønne kjolen frå Marc o’Polo, diamantring med turkis stein frå Ole Lynggaard og solide, vasstette og kule vinterstøvlettar frå Timberland. Eg håpar noko av dette dukkar opp under treet i jula. Håpet er lysegrønt.
Vil du lage min poncho/cape, gjer du slik:
Du treng 250 g turkis eskimogarn.
Legg opp 38 masker på pinne nr. 8. Eg strikkar litt laust, så om du strikkar stramt, kan du sikkert bruke tilrådd pinne, som er nr. 9.
Strikk to omgangar rett og begynn så på rutene. Dei to ytterste maskene er kantmasker, og rutene er i rettstrikk og glattstrikk – seks masker gonger sju omgangar (= seks ruter i breidda). Strikk til du har 27 ruter i lengda og eit rektangel på ca. 36 x 152 cm – eller så langt som du treng for å få passe overlapping framme når du legg rektangelet rundt skuldrane dine. Min cape overlappar med ca. 18 cm.
Plukk opp masker rundt kanten (gjennom begge laga der det overlappar) og strikk rundt medan du feller to masker i kvar side med tre masker imellom på annankvar omgang. Hos meg var det passeleg å plukke opp 66 masker. Då blei det passe langt opp til halsen når det er 40 masker att. Så strikka eg 24 omgangar vrangbord med 1 rett og 1 vrang og felte av.
-Snella-
Legg att eit svar