Når Snuppa hadde vakse ut av den raude julekjolen var mormora kjapt ute med spørsmål om å få strikke ein til neste jul. Ho hadde sett Voss-kjolen frå Dalegarn. Ein nydeleg kjole som har vore mykje brukt, både til jul, bursdag, festar og 17.mai. Den har vore fått mange flotte kommentarer, og Snuppa sjølv likte veldig godt å gå med den.
Med ein fin body under og ei søt strømpebukse kan ein nesten ikkje bli finare!
No er det desverre ei god stund sidan den var passeleg, og i år blir det ingen strikka julekjole sidan ho har arva så mange andre fine kjoler.
– Nøstet –
Legg att eit svar