Eitt og same mønster kan gje svært ulike resultat. Både Snella og Nøstet fall pladask for denne herlege hua som vi fann i boka Boutique Knit.
Nøstet strikka si hue i Drops Nepal og pinnestr. som var oppgitt i oppskrifta. Resultatet vart ei mjuk og god og pen hue som sit godt rundt hovudet.
Snella, derimot, tenkte ho skulle få brukt litt restegarn og grov fram eit påbegynt nøste koksgrå Fabel og eit nøste fleirfarga Fabel og brukte ein tråd av kvar. Fletta og toppen vart strikka i berre fleirfarga. Resultatet vart så som så. Fordelen med hua er at ho ikkje trykker håret flatt og gir meg huesveis. Med rett haldning og fletta litt bakpå hovudet syntes eg ikkje det såg så verst ut.
– Har du ny lue?, spurte herr Fiks.
– Ja, men eg synest den ser litt rar ut, sa eg.
– Litt som et grytelokk med hank, sa herr Fiks.
Jaja. Eg får bruke hua i hagen og på spaserturar etter at mørkret har falle på. Men eg har planar for ei ny hue etter same mønster, men utan flette!
– Snella og Nøstet –
Legg att eit svar