Nøsteguten veks og trivast, og det var påtide å oppdatere ullgarderoba. Som vanleg var kriteriet frå han at gensaren skulle vere einsfarga. Kriteriene frå meg var at den skulle vere i tjukt garn = kjapt prosjekt, og med raglanfelling sånn at eg slapp montering. I Sandnesgarn 0809 mix barn fann eg ein genser som var strikka i Fiesta (modell 22). Butikken hadde på det tidspunktet salg på Nepal, og det passa perfekt. På ei veke med litt ekstra strikketid var genseren i str 10 år med litt ekstra lengde ferdig.
Og no er det påtide å komme igang med julegåvene!
– Nøstet –
[…] for leirskule. Då er det godt å ha med seg ein god og varm genser til å ha under anorakken! Den forrige eg strikka til han er godt brukt. Han ville ikkje ha genser med fleirfarga mønster på, så vi […]
Slike gensere liker man ,kjapt, enkelt og veldig greit mønster ser det ut som.
Og at det sikkert ble en gla gutt med ny genser , det tror jeg også.
Ha ei go helg !
Ja, nokre prosjekt treng ikkje vere så spennande. Nøsteguten er strålande fornøgd med genseren, og det er eg òg! Ha ei riktig god helg!
– Nøstet –