I dag er det akkurat fire veker til julaftan. Framleis har du god tid til å bli ferdig med heimelaga julegåver. Her kjem nokre tips til populære presangar.
Til kjærasten: Strikk ein gensar i tjukt garn. Det går unna! Gensaren på biletet er strikka i Alaska frå Drops. Mønsteret er henta frå Retroheftet til Dalegarn. I haustutgåva av Made by me er det fleire flotte modellar til menn strikka i tjukt garn frå Bergere de France. Og Garnstudio har sjølvsagt fleire modellar som denne namnlause og Ivalo om du treng oppskrift med ein gong.
Til veninna: Det deilige sjalet Andalousie. Du kan òg gå for ein tynn og delikat variant som Garden of Diamonds, eller eit tjukkare og større sjal som veninna nesten kan krype inn i, t.d. Pust i Faerytale.
Til hjarteknusarane: Ein gensar eller tunika. Den brune gensaren har vi blogga om her, og tunikaen finn du i dette innlegget, saman med enda ein lettstrikka genser. I dette heftet, som ligg gratis på Sandnesgarn.no, finn du mange fine variantar både til jente og til gut.
Til pus og vofsen: Ei mjuk og god seng. Garnstudio har ein tova versjon.
Då er det berre å finne fram pinnane og sette igang!
– Snella og Nøstet –
Mye fint, og fire uker er absolutt tid til å strikke noen julegaver.
Takk! Heimelaga julegåver er jo det finaste ein kan få. Og det kjekkaste ein kan gje nokon!