Kl 06.55 starta dagen i Nøsteheimen med høglydt jubel frå fem barn.
Vi har besøk av ei niese og ein nevø i helga, og det er klart at kalendergåvene må vere med på helgebesøket. Mine to eldste og niesa har «kjøpekalender», mens nevøen og Snuppa har kalendergåver heimanfrå. Nevøen fekk henge si på Snuppa sin kalender, og det var som sagt stor jubel når den første gåva skulle opnast.

Julekalender klar for fleire pakkar!
Kalenderen er den samme som tidlegare, den broderte eg med hjelp frå mamma til Nøsteguten for mange år sidan.
Som du kan sjå mangler det litt gåver. Mange er kjøpt inn og nokon held eg på å lage. Berre å hive seg i innpakkinga. Og så håper vi at entusiasmen framleis er stor i morgon, sjølv om den godt kan starte litt seinare ut på morgonen.
– Nøstet –
Er det muligt å få tak i denne kalender mønster.
Hei! Vi har dessverre mista mønsteret til kalenderen.
Hei. Så fin en kalender! Har du mønsteret til den, og kunne du tenkt deg og selge det?
Hei. Det er ein veldig fin kalender! Eg kan dessverre ikkje finne igjen mønsteret.