To skjønne snupper må få bolero til å ha over finkjolen. Perfekt samstrikkprosjekt før jul!
Boleroen henta frå Madebyme nr. 2 2012 og er designa av Tine Solheim. Heldigvis for Snella vart mønsteret også publisert i Familien i haust, for der var mønsteret mykje lettare å lese. Det som stod i Madebyme, var altfor komprimert for eit mindre erfarent blikk. Snella valde å strikke boleroen i originalgarnet (sjokkrosa Påfuglgarn frå Dale). Alle som har strikka i mohair, veit at det er ganske vanskeleg og heilt håplaust å rekke opp. Dessutan vart armane litt rare. Det var kanskje meininga at dei skulle vere altfor store til opninga dei skulle syast på, men eg var ikkje så begeistra for puffarmeffekten. Det blir definitivt ikkje fleire av denne, men eg håpar den vesle prinsessa blir glad for den.
.

Bolero med Kittyknappar
.
Strikkebutikken til Nøstet hadde ikkje Påfugl, så då blei det Faerytale frå Du Store Alpakka. Boleroen blei litt tynnare enn med Påfugl, men Snuppa skal nok likevel halde varmen i festlege lag. Fargen blei valgt for å passe til Hello Kitty-knappane sidan dei lenge har venta på det rette prosjektet. Garnet lugga skikkelig når den blei strikka, så heller ikkje Nøstet satsar på å gjenta suksessen. For Snuppa blei betatt frå første augekast og brukar den så ofte ho får lov.
– Snella og Nøstet –
Legg att eit svar