Snuppa har akkurat begynt å interessere seg for Barbie. Eg har difor strikka to kjoler som ho får i adventskalenderen sin. Kjolane fann eg oppskrift på i Alt om Julen frå 2006 då eg såg etter juleidéer i julebladsamlinga mi. Har du ikkje bladet kan du finne over 1000 Barbiekle-oppskrifter på «Sticka til Barbie».
Barbie-kle er ein kjempefin måte å få strikka opp restegarn og noko det snåle og syntetiske effektgarnet som på merkeleg vis har havna i garnlageret. Det kjem nok til å komme fleire kreasjonar etterkvart.
Denne raude fluffy kjolen er strikka i Lanett og Funny, og her er Barbie verkeleg klar for julefesten.

Barbie klar for julefest
Skal ho derimot på julebord er det kanskje kjekkere med ein kortare variant. Denne er strikka i Arista frå Anchor og «pelskanten» nederst er i Funny.

Barbie klar for julebord
Snuppa har foreløbig berre opna pakken med den svarte kjolen. Ho kom springande til meg strålande fornøgd og kunne fortelje at ho hadde fått ein bandasje med glitter på i kalenderen. «Ein sånn ein eg kan bruke viss eg knekker armen, mamma!» Vel, vi får vel håpe at Barbie får meir bruk for den…
– Nøstet –
Legg att eit svar