I dag er ei veke att til julaftan. Stressa? Du rekk fint å lage fine, heimelaga julegåver enno. Når det er ro i huset og du har fått beina på bordet og litt gløgg i koppen, kan du kose deg med å lage desse fine gåvene.
Til kjærasten: Strikk ei god hue, som denne frå Garnstudio. Det blir han nok glad for så kaldt som det har vore i det siste. Er din kjære av den leikne typen, kan hua få ein diger dusk. Det er jo så populært for tida.
Til veninna: Eit par vottar i Eskimo-garn går superkjapt. Særleg pene er dei i utgangspunktet ikkje, men du kan pynte og style dei så det blir ei artig, omtenksam og personleg gåve. Sjiraffentusiastveninna får sjølvsagt sjiraffvottar (sjå biletet øverst til venstre).
Dei to gåvene vi fekk mest overstrøymande tilbakemeldingar på i fjor, er dei du rekk å strikke på ei veke. Det lette sjalet i patenststrikk ser eg i bruk titt og ofte. Veninna som fekk tøflane i Eskimo og Puddel, kallar dei «gåborttøflane» sine. «For med sånne tøfler trenger jeg ikke å ha med pensko!»
Til hjarteknusarane: Kle til dukke eller bamse. Settet på biletet nede til høgre finn du gratis på Sandnesgarn sine nettsider. Der finn du òg dette heftet gratis. Meir inspirasjon kan du finne i eit tidlegare innlegg på bloggen.
Til pus og vofsen: Nissehue, så klart!
– Snella og Nøstet –
[…] får vi håpe at veninna syns det er greit med vottar istadenfor hanskar! Med mindre enn 1 veke igjen til jul er det greit å vere ferdig med dei fleste heimelaga julegåvene, men nokre små til skal det vere […]
[…] Snella: Kva er å ikkje bruke? Har eg bøker eg ikkje har brukt oppskriftene i? Åja! Eg har enno ikkje strikka noko frå yndlingsboka mi, Literary knits, men eg har jo brukt boka likevel. I timesvis har eg kosa meg med bileta og tekstane og blitt inspirert, mellom anna til å lage sjiraffvottane. […]
[…] Så, no er det tilbake til julegavemekking og juleavslutningar på skule og barnehage. Du rekk nok nokre få julegåver til, ifjor la vi ut masse tips i dette innlegget. […]
Kjekke gavetips i siste liten, ja.
Kjekt med litt kosestrikk den siste veka 🙂
– Nøstet –