Det var tredje helga i advent, og snellefamilien var på førjulstur til Berlin med sine koselege julemarknader og gode feuerzangenbowle. Eg ville unne meg eit hyggeleg magasin og stilte meg framfor den velfylte bladhylla på Tegel (flyplassen).
Frå eitt blad lyste ein überkoseleg juledekorasjon med to stearinlys imot meg på matt kvalitetspapir. «Servus in Stadt und Land» stod det på framsida, og slagordet «einfach gut leben». Eg gjekk dermed ut frå at det handla om det gode liv (ev. om det gode og enkle liv) i byen og på landet.
Hovudoverskrifta lova lun lesnad om «daheim im Kerzenschein» (noko slikt som «heime i skinet frå stearinlys».) Framsida lova oppskrift på heimelaga Christstollen (tradisjonell tysk julekake) og ein artikkel om den vakkert vinterkledde haren i Bayern. Perfekt!
Burde eg ha skjønt det der? Ja, definitivt. Servus er jo helsinga Harry Klein alltid brukte. Og den skjønne haren bur i Bayern. På den andre sida, kvifor skulle den ikkje bu nettopp der?
Godt oppi sofaen med glühwein i hand og bladet i fang begynte det omsider å demre. Innhaldslista lova nemleg artiklar som
– Von Zapfen und Zweigerln
– Die Buttnmandl sind los
– Ätschibätsch eine Hetschepetsch
Hm. Eg blar vidare. Redaktøren heiter Christl, ja.
Pfandl, Sackerl, Engerl. Dobbelthm. Litt sit då att frå «Deutsche dialektkunde». Når i overkant mange substantiv sluttar på l, vitnar det om språk ført i tastaturet langt sør i det tyskspråklege området.
Det er jo eit lokalblad frå og for Bayern og Austerrike (og kanskje Sveits)! Servus er nesten som blada lokalhistorielaga gir ut her heime, med lokale juletradisjonar, gamle soger og segn, intervju med tradisjonsrike familiebedrifter som kjelkemakaren, orgelbyggjaren og han som lagar juletrepynthestar (Rössl, så klart). Til og med annonsane ser ut som dei gjer i programhefta for historiske spel her på berget.
Og bladet stod der midt mellom alle dei kommersielle interiørmagasina. Servus er sjølvsagt òg kommersielt og har ein kjempestor marknad der sør. Likevel kjente eg meg invitert inn i eit hjartevarmt, men lukka lag. «Ätschibätsch eine Hetschepetsch» handla om nyper og korleis ein kan bruke denne c-vitaminrike frukta. Haren frå framsida viste seg å ha flytta til Bayern frå nordlege breiddegrader under siste istid. No held den seg i fjella. Overskrifta? Der Hase, der aus der Kälte kam («haren som kom inn fra kulden»). Fantastisk!
Nesten alle overskriftene pirrar leselysta. Mellom anna denne på ein dialekt frå lengst aust i Bayern: «Mir san von Woid dahoam». Her kunne jammen norske blad hatt noko å lære! Eg synest tekstane i norske blad alltid er så like – kva med å sprite dei opp med nokre solide dialektuttrykk som passar til reportasjen? Det er viktig å ta vare på dialektmangfaldet vårt. Om ein er redd andre ikkje skal forstå, går det an å forklare.
Dette var ei koseleg lesestund. Servus er eit lekkert blad, og definitivt horisontutvidande for ei intetanande snelle aus Norwegen. Kanskje blir det nypemarmelade neste år.
Legg att eit svar