Endeleg er hytta ferdig nok til å bu i! Framleis gjenstår det litt småplukk med listverk og eit rekkverk, men det kjem på plass iløpet av januar.
Kjøkkenet er foreløpig innreda med utemøblar, det er kjekt å bu seg litt inn før alt blir bestemt.
Snuppa fekk ny dukkevogn til jul som skal stå fast på hytta. Denne trengte sjølvsagt sengetøy. Her ein kveld fekk eg endeleg sydd det.
Stoffet er frå Jysk, og inni er det ein liten bit av ei gammal pute.
No koser både store og små seg på hytta i det flotte vinterveiret!
[…] I tillegg til dukkekle fekk niesa sengetøy til dukkevogna si. Eg sydde med det samme uglestoffet som Snuppa fekk til si dukkevogn ifjor. […]
[…] likte den strikka sofaputa i Nepal, og då er det klart ho måtte få ei. Sidan Nøstet har flunkande ny hytte, passa det med ei nøytral pute i naturkvitt. Mønsteret tilpassa eg på same måte som […]