Vest er eit veldig praktisk plagg til dei små. God og varm, og armane kan bevegast uten at noko strammar. Det fins mange flotte oppskrifter på vestar, og eg likar å prøve fleire. Tidlegare har eg blant anna strikka Viggo og singlet frå Lene Holme Samsøe. Uglevest er òg populært. Til jul strikka eg Nøstebarnvest til Snella sin Fikslein.
Dette var eit kjapt prosjekt som brukte lite garn. Vesten er strikka i ein del og sydd saman i sidene. Ein så enkel vest tåler litt sprek fasong på knappane, så ein kjapp tur innom knappelageret endte med stjerner.
– Nøstet –
[…] stjerneknappane før, sa du? Det kan stemme. Dei er gjenbrukt frå den herlege nøstebarnvesten, som dessverre måtte ta kvelden til […]
[…] og Nøstebarnvesten. Dei er omtrent like, og eg har strikka den både i Merino Extra Fine og Nøstebarngarn. Eg følgte mønsteret til Viggo Vest denne gangen, og fekk brukt den lyseblå babyulla frå […]
[…] armar. Tidligare har eg strikka både Viggo frå garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest frå Pickles og Snella har strikka […]
[…] plagg på planen var vest. Eg har fått melding om at Nøstebarnvesten Fikslein fekk til jul har vore mykje brukt, så det er klart at han må få ein ny han kan ha i […]