På Uformelt er det ulike alongar og konkurransar ein kan melde seg på. For 2013 har eg meldt meg på DUGG, som går ut på å prøve å slanke garnlageret, Luer 2013 der vi strikker minst ei hue i månaden og Sokker 2013 der vi strikker minst eit par sokkar i månaden.
I Januarutfordringa for sokker 2013 kunne vi velge mellom tre ulike prosjekt, deriblant eit sokkemysterium med namn Maskerade. Dette synes eg høyrtes spennande ut, så eg bestemte meg kjapt for å gå for dei. Mysteriumet er lagt opp sånn at ein kvar fredag får ein del av oppskrifta og når månaden er over sit ein (forhåpentleg) igjen med eit par flotte sokkar. Eg starta med friskt mot og knallrosa Opal. Så kom feberen, og eg oppdaga at feber og mønsterstrikk ikkje var noko god kombinasjon. Dermed måtte eg rekke opp heile greia. Samtidig såg eg at sokkane blei alt for smale for mine legger, så når eg først startapå nytt valgde eg nytt garn. I lageret fann eg tre nøster med raudt Silja sokkegarn og satte igang. Og her er altså resultatet.
Nydelege sokkar som Wims har designa. Og desse blir mine eigne og ingen andre sine! Heldige meg!
– Nøstet –
[…] « Maskeradesokker – eit mysterium! […]