Tidleg i haust strikka eg ribbegenser i Nøstebarngarn til Snuppa. Planen var å strikke buksa med det samme, men etter ein vridd rett og ein vrang ein heil genser var det andre prosjekt som frista meir. Og sidan ho allereie hadde ein Nøstebarndress til å ha i barnehagen, blei bukseprosjektet lagt på vent. Men så var det påtide å ta seg saman og få buksa strikka.
Ein vridd rett og ein vrang var ikkje noko kjekkare å strikke på buksa heller, men med eit så flott resultat så kan det vere eg hiv meg på ei til om ei stund!
Nøstebarnkle er og blir ein favoritt!
– Nøstet –
[…] no som hausten startar. Sidan oppskrift på ribbebukse enten er i 3-trådsgarn, som eg tidligare har strikka til Snuppa, eller anna tjukkere garn, blei det utrekningsmetoden for å finne ut kor mange masker eg skulle […]