Heilt sidan eg var lita, har eg beundra den fine vinterkjolen til Pippi – den ho har på seg når ho heng opp alle julegåvene i det svære treet. Kven ønskte vel ikkje å vere Pippi? Lukka var stor då Garnstudio lanserte ein bråte modellar med det same mønsteret. «Fiskarmønster» heiter det visst.
Barndomsdraumen:
Eg valte mønsteret som heiter Catherine:
Catherine er strikka i Alaska, men eg er alpakkafan og føretrakk derfor favoritten Nepal. Nepal har dessutan riktigare fargar for meg. Originalmønsteret seier sterk rosa, ikkje raud som Nepal har, og verken blåfargen eller gråfargen var for meg heller.
Det tok både sommar og haust og neste vinter med å få jakka ferdig – eg introduserte den jo på bloggen alt i sommar. Men eg har hatt jakka på kvar einaste dag sidan ho vart ferdig. Den er berre fantastisk skjønn og mjuk og koseleg. Gløymde er dei 148 trådane som måtte festast.
–Snella–
[…] Ps: Catherine blei ferdig! […]