Når ein er mykje ute og triller vogn må ein ha gode ullplagg, og det gjer ingenting at dei i tillegg er flotte å sjå på. Ei av veninnene er i permisjon og triller mykje. Sidan ho har bursdag like før jul laga eg ei kombinert jule- og bursdagsgåve. Det samme gjorde eg året før, då ho fekk dette settet.
Denne gangen strikka eg settet Florence som ein finn på Garnstudio. Det er strikka i nydeleg grå Nepal som er eit av mine favorittgarn for tida. Eit kjempeflott sett som eg har lyst til å strikke fleire av. Både til meg sjølv og andre!
– Nøstet –
Legg att eit svar