Gratulerer med dagen, T & T!
Éi gåve er klar og ligg og ventar på at du skal komme på besøk til veka:
Sjalet heiter «Leftie» og er designa av dama bak bloggen Strickmich. Eg har valt å strikke det i fargar som passar perfekt til håret og huden til den flotte dama som skal bere det: Drops alpaca nr. 7815 i grønt med innslag av turkis. Lauva er i naturkvitt. Mønsteret er å få kjøpt på Ravelry.
Den andre jubilanten då? Sidan sjalet ditt ikkje har komme på pinnane enno, skal du få gleda av å få velje fargar sjølv. Ta eit biletsøk på nettet og bli inspirert. Viss du likar dette sjalet/halstørklet betre, kan du gjerne få det i staden. Gje i så fall beskjed så eg kan handle Isager alpaca i Berlin i påska.
(Oppdatert i august:) Jubilanten valte Leftie i kvitt med lauv i syrlege grønfargar.
–Snella–
[…] favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var […]
[…] pulsvarmarane var ei gåve til den skjønne dama som var jubilant i vår, og dei skulle passe til Leftie-sjalet hennar. Det var eit halvt nøste att etter sjalet, så eg kjøpte eitt til. Eg ville har tette og nette […]
[…] I vår annonserte eg at to superdamer skulle få Leftie-sjal. Sidan det eine sjalet ikkje var ferdig til den store fødselsdagen, fekk jubilanten velje fargar sjølv. Ho ville ha naturkvitt sjal med blad i syrlege grøntonar. Voilà! […]
[…] har strikka eit sjølv til eine systra si, sjå her kor ulike det blir med ein anna […]