Kven kan vel motså desse sussebussenusselege kanintøflane til baby?
.
Eg skulle berre myse litt på nett, og så sprang desse påsketøflane mot meg. Perfekt restegarnprosjekt og påskegåve til den vesle kusina – mellom anna med ein rest frå babyteppet med havskummønster ho fekk då ho var fødd. Fram frå restekorga trekte eg òg eit påbegynt nøste i lys beige PT 5-garn og resten av den kvite KidSilken frå bryllaupscapen. Strikkepinne 3,5 passa til garna, og sidan både pinnar og garn blei tjukkare enn i oppskrifta, strikka eg ein storleik mindre enn kusina treng. Sokkar og tøflar glir jo alltid av, så eg sette i knytesnorer og testa resultatet på min eigen, aktive krabat.
.
.
Eitt av 25 bilete kunne brukast, og solid brukartesting viser at tøflane sit godt på!
.
–Snella–
[…] i str. 18–24 mnd, så han er nok passeleg når desemberfestivitasen tek til. Kanskje også dei skjønne harpustøflane passar enno då. Det er iallfall perfekt […]