Fikslein blir storebror i september, så påska i Berlin måtte brukast til litt garderobefornying! Sist var det vinterklede eg hadde bruk for, og no er det sommartøy. Skal du handle mammatøy i Tyskland, ser du etter «Umstandsmode». Det er eit koseleg ord, som minner meg om fordums språkbruk her i landet – svigermormor snakkar om at ho aldri sydde seg «omstendighetskjole» då ho var gravid i 1940-åra.
Har du same ærend i Berlin, kan du først legge turen til Bellybutton (Kurfürstendamm 216). Eg kan spesielt anbefale dongeribuksene der – kjempegod kvalitet, godt snitt og rause storleikar som gjer vordande mødre i godt humør. Eg er ein typisk str. 38 og brukar 36 eller 34 i bellybuttonbukser. Det er tydeleg at butikkonseptet er utvikla og blir drive av ekte mødre!
Det er altså ein fin stad å handle basisplagg. Sist investerte eg i ei dongeribukse, ei svart penbukse, eit svart skjørt og ein lekker grøn silkebluse. Alt vart flittig brukt og skal hentast fram igjen. Denne gongen kom eg ut med ei lys dongeribukse og ein kvit topp (og litt barnetøy til Fikslein).
Når basisplagga er på plass, kan du tusle litt nedover Ku’damm til C&A. Joda, C&A er også kjent som «cheap and awful», men awfulbiten er no sterkt overdriven, synest eg. Hos C&A finn du ein innhaldsrik krok med mammaklede av merket «Yessica». Her plukka eg med meg søte toppar og blusar til ein rimeleg penge. Til og med mammabadetøy i himmelblått med kvite prikkar fann eg der. Yessicaplagga frå forrige svangeskap er framleis fine, og dei som ikkje er for vintertunge, får nok sjå vårsola i år.
–Snella–
[…] eg er aldri så glad i det fine mammatøyet mitt, håpar eg likevel snart vanlege klede passar igjen. Men ny baby er ein glimrande unnskuldning for […]
[…] Omsider kom langhelga der Snella og Nøstet og Strikkeveninna skulle på sin etterlengta påfyllstur til Berlin – heilt utan skjønne små masekoppar. Helga vart akkurat som den skulle, med Rotkäppchen på balkongen, megastore isar, middagar på yndlingsrestaurantane, sykkelturar og strikking langs Spree. Ja, og shopping, så klart. Det var sommarvarme, så Snella måtte til og med investere i ein mammashorts. […]
[…] ei flaske Prosecco når eg var vel framme. Proseccoplanen blei forkasta når eg blei innvia i den kjekke nyheten som Snella hadde, men eg kunne iallefall overrekke Leftie som eg hadde […]