Påska 2013 blei tilbragt på hytta i eit fantastisk påskeveir. Strålande sol og lite vind gjorde solkroken varm nok til å sitte ute og nyte solstrålande. Og når ein sit ute og koser seg er det kjekt å ha noko å drive med. Litt kryssord, litt krim og litt strikking.
Påskeprosjektet blei Tøysetopp frå Pickles. Eg kjøpte den første Picklesboka like før påske og hadde først planer om høstvest, men den får eg ta seinare. I bomullsboksen fann eg nemleg masse Paris og noko anna tilsvarande bomullsgarn eg hadde kjøpt inn for å strikke klutar av. Etterkvart er eg blitt meir glad i tynnare klutar, så Parisgarnet har blitt liggande. No passa det utmerka at det låg i lageret. Ein 4-åring toler masse fargar, så eg tok alle som passa ilag. Sidan eg strikker rimeleg stramt og 4-åringen veks i rekordfart for tida, satsa eg på str 6 år. Ein sånn vest kan fint brukast utanpå ullgenser når hausten kjem. Oppskrifta i str 6 år finn du faktisk gratis på Pickles sine nettsider.
Åååååh mamma, du er verdas beste som strikker så mykje fint til meg, var kommentaren eg fekk når eg visste ho den ferdige toppen. Ikkje vanskeleg å begynne på nok eit prosjekt til Snuppa etter den kommentaren, så vips var det noko nytt på pinnane.
– Nøstet –
[…] bilete ser du forresten såvidt Tøysetoppen som eg strikka […]
[…] Og Pickles er topp! Vi har brukt fleire av mønstra deira, mellom anna islandsk soloppgangssjal, tøysetopp og […]
[…] fine og enkle strikkeplagg, og frå desse bøkene har eg no laga fleire plagg. I vår strikka eg Tøysetopp til Snuppa, og no måtte eg lage ein høstvest med det flotte daisy-mønsteret. Snuppa hadde ein […]
[…] ynskje seg Mariusselekjolen i rosa som den stod i boka. Bok og garn var med på påsketur, så når Tøysetoppen var ferdig gjekk eg kjapt vidare til Mariuskjole. Eg har strikka den i Smart og i størrelse 6 år, […]
Den var utrolig søt og veldig morsomme farger:)
Tusen takk 🙂
Fantastisk fargerikt og fint 🙂 Ikke rart hun ble fornøyd!
Tusen takk! Ja, det er veldig gøy å strikke når det blir så godt mottatt!