Eg heng framleis med i Luer2013-alongen på Uformelt. Huer er kjekt å strikke har eg funne ut, og hittil har eg greid å berre bruke garn frå lageret. Det er ein ekstra bonus!
Ei av aprilhuene er Free Spirit Hat som passer godt som vårhue. Oppskrifta lar deg velge mellom to ulike måtar å strikke starten på. Den absolutt penaste er «Latvian Braid» som er vist på bilda til designeren. Ein sein kveld syns eg det såg veldig vanskeleg ut, så eg gjekk heller for den enkle versjonen med riller.
Hua er strikka i einsfarga brun Lanett og fleirfarga Regiagarn. Eg la opp som det stod i oppskrifta, men lot vere å auke ut etter rillene. På denne måten blei den akkurat passeleg til Klumpen. Om eg skal strikke ei til i samme størrelse, vil eg nok legge opp litt færre masker.
Her ser du januarhua, februarhua og marshua.
– Nøstet –
[…] når det brått blei vår trengte eldstemann ei tynn hue som gjekk under sykkelhjelmen. Free Spirit Hat som veslebror fekk ifjor er heilt perfekt sidan den er strikka i tynt garn og i tillegg ei morsom […]
[…] du med deg huene eg strikka i januar, februar ,mars, april, mai og juni? I juli hadde eg ferie frå […]
[…] er lenker til huene frå januar, februar, mars og april. Og i juni er temaet striper og prikker. Då har eg planer om ei heklahue til […]