– Der har du funne fram overgangskåpa, ja. Det er så skjønt at det endeleg er vår, sa ein kollega då eg kom virvlande inn på kontoret hin dagen.
Overgangskåpe? Har eg det? Ja, min santen. Kjøpt som vinterkåpe i Berlin, men altfor tynn til norske innlandsvintrar. Sidan eg openbert er dame med overgangsjakke, måtte eg sjølvsagt skaffe meg eit høvande overgangssett med tynne og lekre, men litt varme hanskar i blondestrikk og tilhøyrande skjerf.
*
*
Den rette oppskrifta fann eg etter litt leiting hos Garnstudio, og det måtte bli Drops Alpaca i fargen petrol sidan settet må passe til overgangspromenadar ved fjorden. Aldri hadde eg vel trudd eg skulle strikke meg hanskar på pinne nr. 2! (Eg strikkar så laust at eg alltid må ned ein pinnestorleik.) Det var skikkeleg putlete, men eg kjenner meg veldig fin når eg tar hanskane på.
*
*
–Snella–
[…] Den blå til den kule – med restar etter vårsettet til overgangskåpa […]
[…] i petrol var til overs frå overgangssettet, og det i lys lime frå eitt av […]