Omsider kom langhelga der Snella og Nøstet og Strikkeveninna skulle på sin etterlengta påfyllstur til Berlin – heilt utan skjønne små masekoppar. Helga vart akkurat som den skulle, med Rotkäppchen på balkongen, megastore isar, middagar på yndlingsrestaurantane, sykkelturar og strikking langs Spree. Ja, og shopping, så klart. Det var sommarvarme, så Snella måtte til og med investere i ein mammashorts.
Det viktigaste utfluktsmålet var sjølvsagt garnbutikken/kaféen Handmade Berlin, som er omtalt nedst i dette innlegget. Ikkje berre vi, men også garnlagera må jo få påfyll. Etter eit par timar med blaing i mønster, hm-ing og ååååh-ing, kom vi ut med dette:
*
*
La oss presentere (frå venstre) det som skal bli eit sjal, ein hals, fire par hanskar, eit mjukt trekanthalstørkle med paljettkant, to halstørkle til og nok eit sjal. Følg med, følg med!
Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!
-Snella, Nøstet og Strikkeveninna-
[…] Rüschenrand fekk eg oppskrift på då eg handla garn på Handmade Berlin. Strikkeveninnene var på jentetur til Berlin, og strikkebutikkar var sjølvsagt på […]
[…] Susen via Ravelry Masketal: 160 Pinne: 3 mm Garn: kvit Juvel og Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush + støvrosa Dale Tynn Alpakka Nøste: ca. […]
[…] med sånne lenge, og har leita etter mønster og det rette garnet. Begge deler dukka opp på Handmade Berlin. Det skjønne garnet er Moon Night frå Lotus Yarns. Det er naturleg elastisk og ei blanding […]
[…] Som bilete viser var det ikkje dei store prosjekta som blei avslutta i sommar, men det blei eit par raggsokkar til Snuppa strikka i Opal med glitter som eg kjøpte på den fantastiske jenteturen til Berlin. […]
[…] fylte den med diverse som er kjekt å ha. Eit par kokebøker, flotte serviettar som eg kjøpte på jenteturen til Berlin, miniflasker med noko godt og ein marmelade også innkjøpt på samme turen. Gode ostar innkjøpt […]
[…] bør hive meg rundt og sy noko av dei flotte mønstera eg kjøpte når eg var på tur til Berlin, då vil nok Snuppa bli […]
[…] å gje kjolen eit hint av glamour strikka eg nest siste rille med Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush innkjøpt på siste Berlintur. Garnet er så lekkert! Paljettane gjer det perfekt til små detaljar. Det bør nok vere minst to […]
[…] prosjekt ut var Kattegenser frå Nøstebarnboka. Eg begynte på den når vi var på tur til Berlin, og har strikka på den litt innimellom andre prosjekt. Genseren er strikka i 2-tråds […]