Ein stakkars kollega har vore maks uheldig i vår og går for tida med armen i gips for andre gong på to månader. Eg måtte sjølvsagt ta sosial ansvar så ho ikkje får blærebetennelse i tillegg. I restegarnkassa låg det nokre nøste Létt Lopi frå førre islandstur – kjøpt berre fordi det var den vakraste blåfargen eg hadde sett. No vart det henta fram til sitteunderlag med pusar til kollegaen, som elskar kattar, turar i skog og mark, og akkurat denne blåfargen. Perfekt!
*
*
Mønsteret stod i Familien nr. 21/2012 og har eigentleg tre katterader. Det vart litt mykje av det gode, syntest eg, og for å få heile teppet like tjukt strikka eg midtpartiet med riller (i staden for mønster med to fargar). Originalen seier 84 masker og pinne 7. Sidan Létt Lopi er litt tynnare, la eg opp 94 masker på pinne 6 og tilpassa mønsteret etter det. Då vart produktet ca. 65 x 58 cm før toving.
*
*
To rundar i vaskemaskina på 40 grader måtte til, og då vart det 47 x 42 cm. Etter ein liten innsats med strekking, strykejern og damp, kan underlaget no passere som rektangulært.
Tjukt og deilig vart det, og veldig godt mottatt. Det blir garantert fleire lopisitteunderlag.
–Snella–
[…] Det tova sitteunderlaget med kattar i Létt Lopi vart veldig vellukka, så eg tok utgangspunkt i det. Og på garnlageret låg dei tre platene med Plötulopi, kjøpt på Álafossutsalet fordi dei var artige og hadde fine fargar, og ropte. […]