Snella sin Fikslein skal begynne i barnehage til hausten, og tante Nøstet har tatt på seg oppgåva å strikke litt barnehagekle.
Første plagg på planen var vest. Eg har fått melding om at Nøstebarnvesten Fikslein fekk til jul, har vore mykje brukt, så det er klart at han må få ein ny han kan ha i barnehagen. Vesten er strikka i Merino Extra Fine, og eg bestemte meg for å bruke det garnet eg hadde i garnlageret. Oppskrifta er ganske lik Nøstebarn si, men denne fann eg i Lene Holme Samsøe sitt hefte «Babystrik på pinde 3». Vesten endte opp med blå bakside sidan det plutselig var slutt på det brune garnet. Eg er normalt veldig opptatt av symmetri, men etter ei kort stund syns eg vesten blei ganske stilig med den blå baksida.
Neste prosjekt ut var Kattegenser frå Nøstebarnboka. Eg begynte på den då vi var på tur til Berlin, og har strikka på den litt innimellom andre prosjekt. Genseren er strikka i 2-tråds Nøstebarngarn, så det er ein tynn deilig genser som blir god under regntøy og leikedress når det ikkje er altfor kaldt.
Eg har strikka både bolen og ermane litt lengre enn i oppskrifta og har i tillegg lagt til vrangbord nederst. Då sklir den ikkje så lett opp når små tassar skal bøye seg i leiken. Det må nok etterkvart strikkast ei ribbukse som matchar. Nøstebarngarn og oppskrifter er favorittar som eg har strikka mykje av.

Kattar på rad og rekke
– Nøstet –
[…] liste med prosjekt eg ville starte på. Eit av prosjekta var vest til Fikslein, sidan rykta sa at forrige vest var blitt alt for liten. Eg trengte eit kjapt prosjekt, så eg fann fram Lene Holme Samsøe sitt […]
[…] frå Lene Holme Samsøe og Nøstebarnvesten. Dei er omtrent like, og eg har strikka den både i Merino Extra Fine og Nøstebarngarn. Eg følgte mønsteret til Viggo Vest denne gangen, og fekk brukt den lyseblå […]
[…] men som ikkje er i vegen for ivrige armar. Tidligare har eg strikka både Viggo frå garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest frå Pickles og Snella har strikka […]
[…] frå Snella seier at buksa passa perfekt og at den allereie er tatt i bruk, saman med Kattegenseren som eg strikka tidligare i […]
[…] Kanskje det er sånn dagen blir når Fikslein skal begynne i barnehage. Det var iallefall det første Snella tenkte når eg sendte ho bilete av sokkane eg har strikka til barnehagegarderoben. […]
[…] Det var spennande saker! Mykje Sandnes-garn av typen Triplex kamgarn, Rauma spelsaugarn frå den gongen ei hespe kosta kr 1,95, Shetlandsgarn og ymse andre garntypar frå Bogerud for minst to logoar sidan – for å nemne noko. Litt av raggegarnet må kanskje bli lubbar til givaren, og resten vil tida vise kva blir til. Eg ser iallfall konturane av nokre barnehageplagg til Fikslein. […]