Ei staut gamal handarbeidslærarinne har gått bort, og ein av arvingane tenkte på meg då dei kom til garnlageret hennar.
Det var spennande saker! Mykje Sandnes-garn av typen Triplex kamgarn, Rauma spelsaugarn frå den gongen ei hespe kosta kr 1,95, Shetlandsgarn og ymse andre garntypar frå Bogerud for minst to logoar sidan – for å nemne noko. Litt av raggegarnet må kanskje bli lubbar til givaren, og resten vil tida vise kva blir til. Eg ser iallfall konturane av nokre barnehageplagg til Fikslein.
–Snella–
[…] World Magazine (oktober 2016) Garn: frå lageret; Mor Aase i naturkvitt, raud Kidsilk frå Drops, opprekt raudt arvegarn, arva Triplex frå Bogerud i grønt Heklenål: […]
[…] hekla skallane er eit sjal hekla av restegarn frå lageret. Artig prosjekt, men lett å gjere feil! Eg auka litt meir enn oppskrifta sa, for at sjalet skulle […]
[…] i Rosett”, frå Dale garn Lappar: 24 stk (4 i breidda, seks i lengda) Garn: Restegarn, mellom anna arvegarn. Grått i midten, fleirfarga lilla (også sett i den hekla ugleputa), og naturkvitt. Kanten rundt […]
[…] gevir, knappar til auge og nasebor, og med ei lita hempe så han kan henge på veggen. Garn: restegarn frå lageret […]
[…] Maggie, men mønsteret er også å få kjøpt. Dei rette fargane til lappane fann eg blant arvegarnet, filten til auga låg i aldrirealiserte gamle pakkar med lag-sjølv-påskepynt frå Panduro, veska […]