Ei veke før 17. mai ifjor kom vekebladet Familien ut med oppskrift på ei festdrakt til jente. Ei lilla strikka festdrakt med flotte band på. Eg arbeider best under press, men ei veke på ei sånn festdrakt skjønte eg fort at ikkje kom til å gå. Så idèen og oppskrifta blei lagra til i år, for å sjå om eg framleis hadde lyst å lage den.
I februar kom eg meg på strikkebutikken og fann garn som eg ville ha. I oppskrifta står det Gjestal Silja, men eg ville heller ha Dale Babyull. Fargen på overdelen blei litt meir rosa enn den opprinnelege, og dei orginale banda var visst gått ut av produksjon. Eg fann heller nokre flotte sølvband på den lokale Husfliden som eg likte minst like godt.
Festdrakta skulle strikkast i ein del, men eg valde å strikke skjørtet og overdelen kvar for seg og deretter maske dei saman etterpå. Planen er å kunne strikke på den litt om det trengs til neste år. Beltet med sine fem fargar var ei utfordring for meg med mønstervegring, men med ei maske om gongen gjekk det bra tilslutt. Bandet har vliselin på baksida og blir knytta i ryggen med fletta band.
17. mai blei ein strålande dag med perfekt bunadsveir, og Snuppa koste seg med alle komplimentane for den fine festdrakta!
For å få tak i dette mønsteret sender du ein e-post til Familien sin leserkontakt kari.bachke@egmont.com
– Nøstet –
Hei! Utrolig fin drakt:) Kan jeg spørre hvilken størrelse du strikket, og hvor mange år hun har klart å bruke den?
Hei:) jeg elsker drakten du har strikket! Men jeg skjønner ikke noe av dette med beltet og oppklipp. Kunne du tatt deg bry med å ta bildet av begge endene av beltet? Jeg syns oppskriften er uklar, eller i allefall vanskelig:)
Hei, har du begynt på kjolen? Det har jeg, dvs-er godt over halvveis på skjørtet, og håper og jeg kan strikke den i to deler. Er derimot ikke en super dreven strikker – så kunne veldig gjerne delt erfaringer:)
[…] må du sette turbofart på pinnane. Mi 7-år gamle prinsesse har dessverre vakse ut av den nydelege festdrakta eg strikka for nokre år sidan. No har ho “kjøpebunad”, men har denne flotte tunikaen […]
Hei!
Jeg har leita og leita etter mønsteret til denne drakta, men klarer ikke å finne det noe sted. Du har det ikke tilfeldigvis fortsatt? Den facebooksiden som du nevner, har jeg ikke klart å finne:/
Jeg har en svigermor som ønsker av hele sitt hjerte å strikke denne til barnebarnet sitt:)
Hei.
Eg har no kontakta leserservice i Familien, og du kan skrive ein e-post til Kari.bachke@egmont.com for å få tak i mønsteret. Lykke til! Helsing Nøstet.
Hvor lang tid brukte du på den?;)
Hei. Eg meiner å huske at eg begynte på den i månadsskifte februar/mars og at eg var ferdig ei veke før 17.mai. Men kor mykje strikketid eg hadde i den perioden, eller kor mange prosjekt eg strikka på samtidig, husker eg ikkje.
Helsing Nøstet.
[…] Det strikkaplagget som var kjekkast å strikke og kanskje det eg generelt er mest fornøgd med er festdrakta til Snuppa. […]
Nydelig festdrakt:-) Ja, det er litt dårlig tid med en uke på et slikt arbeid. Dumt at ikke slike mønstre blir lagt ut litt tidligere. Flott garn du har arvet under her. Blir spennende å se hva du skal lage av det. Ha en fortsatt fin helg!
Takk for det! Ja, eg syns det var merkeleg at dei hadde oppskrift på festdrakt så tett oppunder 17.mai. Men heldigvis går slike festdrakter sjeldan av moten. Følg meg på bloggen så kjem det nok til å dukke opp flotte produkt av arvegarnet 🙂 Ha ei fortsatt flott helg! Helsing Nøstet!