Om kort tid er det dåp for den vesle kusina, og ho må få ei flott gåve. Ei lita sølje er obligatorisk, og kva er vel betre enn å gje ho vekk på ein søt kjole?
*
*
Bellamønsteret frå boka «Babystrik på pinde 3» av Lene Holme Samsøe er populært her i bloggosfæren for tida, så eg tenkte eg ville prøve ein tunika til jente.Kusina fekk jo havskumteppe då ho var fødd, og eg fekk lyst å følge opp med kjole/tunika i same garn i ein litt lysare farge: Drops BabyAlpaca Silk i 3250 lys gammalrosa.
*
*
Dette var ikkje det enklaste prosjektet. Berestykket skal strikkast fram og tilbake, og det var ikkje lett å få det pent og jamt med dette glatte garnet. Takk og lov for dampstrykejern! Det planlagde babyteppet i same mønster og garn (i fargen 4088 lyng) utgår definitivt. Vi får sjå om eg kan finne ei betre teppeoppskrift. Følg med, følg med. (Oppdatering i august: Her kan du sjå korleis teppet vart!)
Nedst er det fire riller. For å gje kjolen eit hint av glamour strikka eg nest siste rille med Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush innkjøpt på siste Berlintur. Garnet er så lekkert! Paljettane gjer det perfekt til små detaljar. Det bør nok vere minst to omgangar med garnet for at det skal bli ordentleg glitreeffekt.
*
*
Om dette vart ein bellakjole eller ein bellatunika, er eg usikker på. Etter mønsteret er dei like lange. Eg ville ikkje ha knappar, så eg følgte tunikamønsteret. Men under monteringa skjønte eg ikkje korleis det kunne bli fint, så eg strikka på knappestolpar (på baksida) etter kjolemønsteret, men laga berre to knapphol:
*
Kjolen er strikka i str. 18–24 mnd, så han er nok passeleg når desemberfestivitasen tek til. Kanskje også dei skjønne harpustøflane passar enno då. Det er iallfall perfekt match!
-Snella-
[…] nest siste rille har garnet fått følge med paljettgarn. Garnet vart sist sett i Bella-kjolen og i strikkahalsen […]
[…] Bellamønsteret er enkelt og dekorativt, og det har eg strikka før i tunika og Snella har strikka kjole. Mønsteret er som sikkert dei fleste veit frå hefta til Lene Holme […]
[…] Glamdetaljen nedst er strikka med paljettgarnet Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush frå Handmade Berlin. Det pyntar opp alle slags plagg, sjå t.d. Bellakjolen. […]
[…] strikka Bellakjole frå heftet med tynnare pinnar, mens eg har strikka tunika frå heftet for tjukkare pinnar. […]
[…] rundt teppet er etter mønsteret, men på siste omgang har eg brukt restane etter Bellakjolen til kusina. Etter kanten var det var akkurat nok garn att til eit hekla hjarte til pynt nede i venstre […]