Ein av mine store inspirasjonskjelder er strikkeforumet uformelt. Der er det masse flotte damer som strikker og hekler i ein voldsomt fart og som alltid er oppdatert på kva som fins av oppskrifter og ideer. Blueberry Waffle Socks har vore populære veldig lenge, men det nye denne månaden var tipset frå Erica med bloggen Mekkehjørnet om å strikke dei i dobbelt garn. Ein tråd ensfarga og ein tråd fleirfarga garn av type Opal, Regia eller Fabel blir tjukke deilige sokker som går kjempefort å strikke. Sokkegarnkassa mi er overfylt av fleirfarga garn som eg ein gong i tida syns var flott, men som eg no syns kan bli litt for spraglete til flotte mønster.
I pinsa starta eg sokkestrikkinga, og etterpå har dei blitt strikka på litt innimellom ein del andre ting.
Dette paret som er strikka i turkis Fabel og tuttifruttifarga Opal. Nøsteguten bestilte dei ganske kjapt, så eg laga dei i ca str 36. Det spraglete garnet blei passeleg dempa og det endte opp med å bli ganske flotte sokker.
Det neste paret er strikka i svart Fabel og fleirfarga Regia. Eg blei ikkje like fornøgd med fargane på desse, men så likte eg ikkje Regiagarnet så godt i utgangspunktet heller. Likevel fornøgd med å få brukt det opp til noko fornuftig, og eg tenker det blir gode sokker for nevøen når han skal på leirskule til vinteren.
Og eg greide ikkje å dy meg, eg måtte ta bilete av Blåbærsokkane i blåbærlyng 🙂
– Nøstet –
[…] er strikka av restane eg hadde igjen etter Blueberry Waffle Socks, og no er det berre nokre få meter igjen av kvar farge. Eg valde å bruke Fabel øverst i […]