I dag står det eit tent dåpslys på bordet hos oss. Det er akkurat eitt år sidan Fikslein vart døypt, og det feirar vi med å tenne dåpslyset hans og ein diger stabel med vaflar. Då passar det òg å blogge litt dåpsinspirasjon og bilete av dåpsbordet.
Temaet for dåpen var tru, håp og kjærleik, symbolisert med kors, anker og hjarte, og det ville eg skulle vise i bordpynten. Raudt, kvitt og blått passar til ein vårdåp, for eg ville ikkje ha eit altfor søtt bord. Derfor er det mykje mørkeblått og berre litt lyseblått (i perler, sommarfuglar, telys og forglemmegei).
*
*
Eg laga anker av kvistar, surra med ståltråd med lyseblå perler på, måla trefarga hjarte frå Panduro mørkeblå og limte sølvfarga konfettikors på. Konfettikorsa er dei same som eg brukte på dåpsinvitasjonane. Dukane er gjenbruk frå bryllaupet.
*
*
Fordi eg hadde litt passande restegarn, hekla eg nokre blå blomster med grøne blad. Det vart gjort på frihand, men blomsten i dette mønsteret er ganske lik.
*
*
Kuverten er i raudt, kvitt, blått og lin. Eg hadde gitt opp å finne serviettar med anker på og hadde vaska og strøke dei fine linserviettane mine då det dukka opp ein pakke med perfekte serviettar i ein lekker interiørforretning i Stavern. Altså måtte det bli begge delar – og små raude marsipanhjarte frå Niederegger.
*
*
*
Blomsteroppsatsane laga vi med kvite roser, bjørkekvistar og forglemmegei. Den i midten er høgst og (nokolunde) rund, medan dei på kvar side er meir avlange og har bamsar.
*
*
Dåpslyset fekk stå og skine på dåpsbordet. Her rett etter velkomsdrinken og før vi opna festbuffeen.
*
*
Vi hadde eit eige rom der vi serverte velkomstdrinken. Der hadde vi ein prosjektor som viste bilete av dåpsbarnet, og vi hadde sett inn leikar til dei minste gjestene og blåst opp ein haug med ballongar og badeballar. Veldig populært!
*
*
Vi serverte ein alkoholfri velkomstdrink, som du finn oppskrift på i dette innlegget.
*
*
Dåpen hadde vi i eit kult kontorlokale, som trengte litt hjelp for å blir dåpsfähig. Ein rask sjekk viste at det ikkje var bjørkepollen i lufta lenger, så eg valte å raide hagen til svigers til nokre store oppsatsar med flagg.
Dåpsbarnet hadde fått ein brodert, bunadsinspirert dåpskjole til seremonien, og den fekk henge framme i lokalet til pynt. På festen hadde han på seg den fine nye matrosdressen med anker og stjerner.
I innlegget «Vinterdåp for gullguten» kan du finne meir dåpsinspirasjon.
–Snella–
[…] du lyst på meir inspirasjon, kan du sjå dukane og linserviettane i aksjon i innlegga “Dåpen til ein liten gut“, “Vinterdåp for gullguten og “Eit jonsokbryllaup i […]
[…] Litt på etterskudd fekk eg sendt avgårde dåpsgåva. Storebror Fikslein fekk ein sjiraff til sin dåp, og då tenkte eg det passa godt med ein elefant til […]
[…] har dekka med dei same linserviettane og dukane som i bryllaupet og i dåpen til eldstemann. Serviettane bretta slik at dei skjuler tallerkane, som er i ulike fargar og storleikar, for å […]
[…] kan du lese innlegg om dåpsfesten, den løkfrie festbuffeen, den alkoholfrie velkomstdrinken og ein annan alkoholfri […]
[…] Sengeteppet Ofelia frå Ikea gjer teneste som borddukar. Det kunne fort blitt for søtt, men til det grove lokalet med lågt under taket og tunge langbord i tre blei det ein fin balanse med kvite rysjer på bordet. Dukane har vi gjenbrukt fleire gongar i festleg lag, mellom anna i dåpen til Fikslein. […]
[…] eg etter dåpsinspirasjon, og det er visst ikkje grenser for kreativitet. Takk til alle som delar! Eg lovar å legge ut bilete og eventuelle lure tips og idear når den tid kjem. Status så langt er at dåpskjolen – eit samarbeidsprosjekt mellom Nøstet og meg – er nesten […]