Helgetur til Lofoten i juni, og livet er godt å leve. Midnattssol, måseskrik og fred i sjela. Vi kosar oss på Nyvågar rorbuhotell i Kabelvåg, og i dag ville eg berre dele eit stemningsbilete frå frukostbordet.
*
*
På duken ligg ein gammal dregg av den heimelaga typen (stein med hol i), på den står eit kvitt kubbelys. Eit rosa kamskjel kviler mot steinen. Snakk om perfekt borddekorasjon i ein frukostsal i Lofoten!
-Snella-
Legg att eit svar