I forrige innlegg nevnte eg at eg har ein perm som eg samlar oppskrifter i etterkvart som dei dukkar opp i vekeblad. Dette gjorde eg i mange år. Men så oppdaga eg Ravelry. No blir det lite utklipp frå vekeblad, men desto fleire hjerter på Ravelry. Når ein hjerter ei oppskrift, lagrar ein den under favorittar. Der låg òg Brain Waves Beanie, nok eit ypperleg restegarnsprosjekt.
Hua er hekla med dobbel tråd Juvel, Pt5 og noko anna garn av ukjent merke i passe tjukkelse. Eit prosjekt som er hekla på ein kveld, og som sluker garn. Denne hua ligg i skuffa til Klumpen og venter på hausten. Og det er godt mogleg at den får selskap av fleire, for dette var eit kjekt prosjekt!
– Nøstet –
[…] du meir hueinspirasjon? Eg har strikka mange dei siste åra. Florisse Hat, Line-hua, fleire i Lue-alongen til uformelt og ei nydelig med blomst som eg faktisk held på å strikke fleire av akkurat no. Huer […]
[…] du med deg huene eg strikka i januar, februar ,mars, april, mai og juni? I juli hadde eg ferie frå […]