Det er rabarbratid! Og litt rabarbrasyltetøy er kjekt å ha i frysen. I år ville eg lage eit litt søtt syltetøy som passar saman med rømme på vaflar, lappar, sveler, munkar og slikt, saman med brunost på polarbrød, og til sterke blåmuggostar.
*
*
Eg myste litt på oppskrifter på nettet, men ingen såg ut til å vere akkurat det eg var ute etter, så eg laga mi eiga.
Først rensa eg sjølvsagt stilkane og skar opp i ganske tynne skiver (ca. fem mm tjukke).
*
*
Vekta enda på 1, 25 kg rabarbra, og sidan eg ville gjere det litt søtt denne gongen, blanda eg i
500 g sukker
1, 5 vaniljestong delt på langs
(Det hadde sikkert vore nok med éi, men eg hadde no halvanna liggande)
5 ss vatn
(for at det ikkje skal svi seg før safta siv ut)
Eg lot syltetøyet koke i nesten ein time, og mot slutten av koketida jamna eg med
1 ss potetmjøl rista ut i 0,5 dl vatn
Etter eit raskt oppkok var syltetøyet passe tjukt. Det stivnar jo òg litt meir når det kolnar.
*
Og medan rabarbraen putra og eg rørte i gryta, tralla eg i veg på den einaste rabarbrasongen eg kan, nemleg André Bjerkes herlege dikt, som vi har sunge i eit hjernetilklistrande arrangement i koret:
Fru Kobros hubro
Fru Barbro von Kobro
som bodde på Ljabru,
hun matet sin hubro
fra Ebro med tebrød,
men det fikk den feb’r av.
Gi hubro’n rabarbra!
sa dyrlege Hambro.
Er det bra for hubro’n?
sa Barbro von Kobro.
Ja, gi Deres hubro
kantabrisk rabarbra
istedenfor tebrød,
og abra-kadabra!
vil hubro’n fra Ebro
bli frisk som en sebra,
fru Barbro von Kobro!
sa Hambro.
André Bjerke
*
*
Herr Fiks og Fikslein, som hadde jobba i hagen, gleda seg over at det vart servert lappar med rømme og rabarbrasyltetøy til kvelds.
*
– Snella –
«Fru Kobros hubro». Du omtaler denne veldig positivt. Finnes sangen på note/Spotify/YouTube eller annet sted ?
Hilsen Petter H
kor- og sang-entusiast
Hei! Ja, Trond Dahlen har skrive artige korarrangement til mange av Bjerkes dikt for Hydrokoret. Eg trur ikkje dei er å få kjøpt, men det går an å ta kontakt med Trond.
[…] er ei kjensgjerning at syltetøy blir endå betre når ein krydrar det med song. Der André Bjerke passar til rabarbrasyltetøy, passar Ibsen til eplesyltetøy – spesielt når epla kjem frå eit tre ein har følgt med på eit […]