Etter ein del dramatikk har Fikslein fått ein bitteliten bror fleire veker for tidleg. Alt er vel med oss alle, og vi jublar hurra for norsk helsevesen!
Då vi fekk helse på den nye skatten vår, hadde han fått på seg ei skjønn, gul, kyseaktig hue og tilhøyrande sokkar for å halde varmen. Det var så koseleg og varma det skjøre nybakte morshjartet mitt. Tusen takk til alle dykk som strikkar til prematuravdelingane!
Gullet mitt har òg fått eit lite teppe, som var merka med «Amandaprosjektet». Les meir om prosjektet på http://www.amandaprosjektet.org.
–Snella–
[…] er hektiske, alle desse dagane som kjem og går. Var det ikkje i går at vesle Skjønnas kom til verda? Lite søvn, mas, rot og konstant dårleg samvit gjer det av og til vanskeleg å hugse at det er […]
[…] til NFF for eit godt initiativ! Det var min første kveld utanfor huset sidan minstemann kom til verda, og eg håpar det blir skapt fleire slike […]
[…] Fikslein skulle bli storebror i september, skulle han få flugesoppmøblar i storebrorgåve. No hadde rettnok Skjønnas hastverk og kom i august, men gåva vart likevel til som […]
[…] ein kveld fekk eg melding frå Snella om at Fikslein hadde fått ein veslebror mykje tidligare enn venta. Sidan denne vesle karen ikkje hadde så mykje kle i rett størrelse bestemte eg meg for å strikke […]
[…] å ha med i veska. Dette prosjektet har vore med meg overalt i sommar, mellom anna i Binz og på sjukehuset. Men no er sjalet altså omsider ferdig og på veg i […]