Kvar sommar tar Snellefamilien ein ferie i Berlin-ferien og reiser til Østersjøen der vi nyt strendene på Tysklands største og vakraste øy, Rügen. I år gjekk turen til Binz, som er ein av dei største byane og har mange tilbod for alle uansett livsfase. Vi hadde strålande sommarvêr, så det meste av tida kosa vi oss i ei strandkorg, som er så typisk for tyske strender.
Strendene er flotte, det er borgarleg pent, folk er blide, maten er god (mmmh, eg drøymer alltid om den fantastiske røykte fisken resten av året), og det er rimeleg å bu der enten du vel hotell eller leiligheit. Det er kort veg å køyre frå Kiel, og frå Trelleborg til Rügen er det berre tre timar med ferje. Likevel møter vi sjeldan andre nordmenn på denne ferieperla. Her er altså eit godt ferietips.
.
Rügen har alltid vore eit ferieparadis, sjølv om det òg er mykje vondt i historia frå førre århundre. Under andre verdskrigen og i DDR-tida var øya for dei som hadde gjort seg fortent til ein ferie ved sjøen, og det kjennes litt rart å sjå Hitlers galskapsprosjekt i Prora bli gjort om til lekre sommarleiligheiter for dei som har råd.
.
.
Er du germanist, kan det hende du fekk overdose av Rügens store son, Caspar David Friedrich. Mellom fleire er måleriet «Kreidefelsen auf Rügen» iallfall standardpensum. Krittklippene er uansett flotte og verd eit besøk.
Her er fleire glimt frå sommaren i Binz. Kanskje vi sest der neste år?
Kjekt å vite: Rügen er rekna som eit kurområde, og derfor betaler alle gjester ein «kurskatt» som går til å halde området reint og pent. Hotellet eller hytteutleigar sel kurkort, som er «billetten» din til strendene. Er du på dagstur, finst det billettautomatar.
–Snella–
[…] Her er ein detalj frå bordet, med telys med ugle kjøpt i Binz i sommar: […]
[…] I Binz i sommar kjøpte eg ei tynn og pen grå jakke, og irritasjonen var stor då eg oppdaga eit hòl i stoffet. Å reise tilbake og byte jakka var uaktuelt, så det var berre å reparere. Usynleg kunne det ikkje bli, så på med perler og pynt. Aldri så galt, jakka er søtare no. Kanskje eg skal begynne å beperle alle kleda mine. […]
[…] det er eit glimrande prosjekt å ha med i veska. Dette prosjektet har vore med meg overalt i sommar, mellom anna i Binz og på sjukehuset. Men no er sjalet altså omsider ferdig og på veg i […]