Hobbyboksamlinga mi nærmer seg bibliotekstørrelse, men her i vår måtte eg likevel utvide den med bøkene frå Pickles. Det er ikkje alltid eg lagar så mykje frå bøkene eg kjøper, men dei er ofte framme for å få inspirasjon til garn, fargar og modellar. Pickles har mange fine og enkle strikkeplagg, og frå desse bøkene har eg no laga fleire plagg. I vår strikka eg Tøysetopp til Snuppa, og no måtte eg lage ein høstvest med det flotte daisy-mønsteret. Snuppa hadde ein slik vest då ho var 1 år, og den blei brukt mykje.
Ho fekk sjølv velge garn frå garnlageret, og sidan gult er kult for tida vart det kjapt bestemt. Rosa måtte sjølvsagt vere med, og så fekk eg lov å dempe det med litt mørkare mosegrønt og kvitt. Vesten er strikka i Juvel, og blir deilig utanpå ein pologenser eller tynn ullgenser når hausten set igang med vind og regn.
– Nøstet –
[…] garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest frå Pickles og Snella har strikka […]
Så flott topp! Syntes mottakeren hadde veldig god smak i farger 🙂
Tusen takk! 4-åringen har sine gode øyeblikk når det gjelder fargar 🙂
Helsing Nøstet.
Tøff topp. Morsomt at mottakeren valgte ut fargene selv. Denne kommer det nok til å være stas å bruke.
Tusen takk! Veldig kjekt at andre fargar enn rosa og lilla blir valgt, det blir det jo alltids nok av.
Ha ei fortsatt fin helg.
Helsing Nøstet