I vår annonserte eg at to superdamer skulle få Leftie-sjal. Sidan det eine sjalet ikkje var ferdig til den store fødselsdagen, fekk jubilanten velje fargar sjølv. Ho ville ha naturkvitt sjal med blad i syrlege grøntonar. Voilà!
«Leftie» er designa av dama bak bloggen Strickmich, og du får kjøpt mønsteret på Ravelry. Eg kjøpte Sandnes alpakka til dette sjalet, for det var det dei hadde på butikken der eg var. Eit godt garn, men hakket tynnare enn Drops sitt garn. Eg måtte derfor ned ein pinnestorleik (til 2,5) for at det skulle bli pent, og derfor strikka eg seks riller istadenfor fem mellom kvart lauv. Lauva er strikka av Drops Alpaca i fargane lime, mørk lime og mørk oliven, som alle var å finne i Nøstets rikhaldige restegarnskassar.
Det tok litt tid å strikke denne gåva, for det er eit glimrande prosjekt å ha med i veska. Dette prosjektet har vore med meg overalt i sommar, mellom anna i Binz og på sjukehuset. Men no er sjalet altså omsider ferdig og på veg i posten.
Sjølv er eg så heldig å ha eit flott Leftie-sjal i rosatonar, strikka av Nøstet.
–Snella–
[…] grøne til den elegante – med restar frå eitt av Leftie-prosjekta Den grå til den […]
[…] Garnet i petrol var til overs frå overgangssettet, og det i lys lime frå eitt av Leftie-prosjekta. […]
[…] Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny […]
[…] (Oppdatert i august:) Jubilanten valte Leftie i kvitt med lauv i syrlege grønfargar. […]