Som dei fleste sikkert har fått med seg er eg med på Luer2013 på uformelt. Det blir lagt ut ulike gratismønster og gjerne eit kjøpemønster eller eit tema, og så strikker vi den som måtte passe. Ein flott måte å få strikka litt julegåver innimellom tenkte eg då eg starta. Så langt har vel alle huene hamna i skuffene til ungane og meg sjølv, men det er heldigvis fleire månader igjen før jul.
Augusthua eg strikka var Florisse Hat, og eg garnet eg valde var Tynn alpakka frå Du Store Alpakka. Om den blir mi eller Snuppa si har eg ikkje bestemt enda, den passer nemlig til begge to. Enten som stram hue til meg eller som ein baggy variant, slik dukka viser, til Snuppa. Hua er designa av Bitta Mikkelborg som er eit oppkomme av fine oppskrifter. Ho har eiga heimeside, facebookside og er å finne på Ravelry. I slutten av september gir ho ut ei bok med sokkeoppskrifter, og den kjem eg til å skaffe meg med ein gong bokhandelen får den inn.
Fekk du med deg huene eg strikka i januar, februar ,mars, april, mai og juni? I juli hadde eg ferie frå huestrikking 🙂
– Nøstet –
[…] du meir hueinspirasjon? Eg har strikka mange dei siste åra. Florisse Hat, Line-hua, fleire i Lue-alongen til uformelt og ei nydelig med blomst som eg faktisk held på å […]