Det er sopptid, og sidan Fikslein skulle bli storebror i september, skulle han få flugesoppmøblar i storebrorgåve. No hadde rettnok Skjønnas hastverk og kom i august, men gåva vart likevel til som planlagt.
*
*
Det gamle, arva bordet såg sine betre dagar i 70-åra. Det passa godt inn i det gamle biblioteket vårt, men i den nye heimen passa det ikkje.
*
*
Eg pussa bordet godt ned og lakka det med kvit lakk. Så fekk beina litt gras av grøn lakk, og toppen eit par strøk raud lakk. Prikkane har eg måla på ved hjelp av ein heimelaga sjablong av kontaktpapir. Til slutt spraya eg på eit lag klarlakk. Ferdig!
*
*
Krakken kjøpte eg på sal på Åhléns i fjor.
*
*
Møblane vart møtte med stor begeistring, og no står dei og lyser opp kjellarstova, som har utsikt til naturtomta vår med blåbær- og tytebærlyng. God haust!
–Snella–
Så sjarmerende oppussing!
Tusen takk! Med relativt nytt huslån og ønske om å vere ein litt meir miljømedviten forbrukar er det fint å kunne tage det man haver og trylle ein magisk skog inn i kjellaren.
Snella