Endeleg fekk eg avgårde ein liten pakke til Snellegutane. Inni den låg blant anna ribbebukse til Fikslein. Ei heilt enkel ribbebukse i enkel 2-tråds Nøstebarngarn, som er heilt perfekt under regntøy eller berre som kosebukse no som hausten startar. Sidan oppskrift på ribbebukse enten er i 3-trådsgarn, som eg tidligare har strikka til Snuppa, eller anna tjukkere garn, blei det utrekningsmetoden for å finne ut kor mange masker eg skulle legge opp. Eg målte Fikslein rundt livet, målte på ei vrangbord kor mange masker eg trengte for 10 cm og fann ut kor mange det måtte bli for å passe med litt margin. Så følgte eg lengda på buksa i 3-trådsgarn, og felte inn sånn passe nedover beina.
Rapporten frå Snella seier at buksa passa perfekt og at den allereie er tatt i bruk, saman med Kattegenseren som eg strikka tidligare i år.
– Nøstet –
[…] Store, grove knappar gjorde at dressen ikkje blei alt for søt til ein liten tøffing! Dressen blei sendt til Snelleguten ilag med ribbebuksa til Fikslein. […]