Ei enkel og fin gåve til nyfødte babyar er vestar. Når dei skal ligge på golvet og leike er det godt med noko som varmar ekstra rundt brystet, men som ikkje er i vegen for ivrige armar. Tidligare har eg strikka både Viggo frå garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest frå Pickles og Snella har strikka uglevest.
Sidan både eg og Strikkeveninna hadde babygåver på lista over prosjekt fann vi ut at vi skulle strikke samme vest, men med ulike fargar.
Vi fann ein passe vest i Sandnesgarn sitt hefte 0612 Lanett baby, og sidan slike vestar ikkje treng så store mengder garn var det ikkje problem å finne noko i garnlageret.
Ein heilt enkel vest med striper som pynter opp. Eg har strikka den med i beige, kvit og kornblå , mens Strikkeveninna gjekk for lilla, brun og kvit.
– Nøstet –
Vest er et veldig praktisk plagg til babyer. Disse ble kjempesøte. Ha en kjempefin høstuke:D
Tusen takk! God haust til deg òg! Helsing Nøstet.
Smart samstrikk, og sånne småplagg er supre til småtasser som trenger litt ekstra varme. Fine fargekombinasjoner på begge to. 🙂
Takk for det! Ekstra motiverande å strikke når ein er fleire som held på med det samme plagget. Og kjekt å sjå korleis dei blir i ulike fargar.
Helsing Nøstet.