Ei mor i ammetåke, ein far i våketåke og eit obligatorisk selskap å arrangere. Kreativiteten blomstrar ikkje akkurat for tida, men så kom eg brått på ein lågterskelidé frå det KK-bladet eg las fram og tilbake, opp og ned då eg låg på barselavdelinga med Fikslein tidleg i mars i fjor. Sugerør med bartar på! Enkelt og skrekkeleg populært.
.
.
Eg brukte ekstra lange sugerør og skreiv ut ein bråte med ulike bartemønster frå nettet. Bartane vart klippa ut i svart kartong og festa par cm innpå sugerrøret. Eg forsøkte å lage holet i bartane så trangt at dei sat fast av seg sjølve, men nokre bartar måtte eg likevel feste med litt limband. Småttisane som kom på besøk, digga å få si eiga flaske brus og hadde mykje moro med å velge seg rett bart.
.
Dermed kunne eg servere kjøpekake i ro og mak og nyte det gode selskapet.
– Snella –
Herlig, det skal jeg huske til neste barnebesøk! 😀